Kvifor er dette viktig for plan- og byggesaker?
Forvaltningslova er ei overordna ramme for all offentleg forvalting – og dermed også for sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Difor vil endringar i denne lova kunne påverke saksgang, klagehandsaming og rettstryggleik for både innbyggjarar og aktørar i byggjesektoren.
Nokre sentrale endringar og deira betydning
- Klare reglar om delegering og ugyldigheit:
Lovforslaget presiserer reglane for kva som skjer når vedtak er fatta utan rett heimel, og skil mellom ulike typar feil. Dette får betydning for byggesaker der det ofte vert delegert mynde frå kommunestyret til administrasjonen.
- Lovfesting av ulovfesta rett:
Reglar om vilkårslæra og misbruk av myndigheit vert foreslått lovfesta. Dette har direkte betydning for t.d. bruk av vilkår ved dispensasjonar eller ved mistanke om usakleg forskjellshandsaming i plan- og byggesaker.
- Sakskostnadar og advokatutgifter:
Det vert foreslått at dekning av vesentlege sakskostnadar skal avgrensast til den offentlege salærsatsen. Dette kan føre til at privatpersonar som får medhald i klagesaker mot kommunen, likevel må dekke store delar av advokatutgiftene sjølve. - Automatisert sakshandsaming:
Ein ny forskriftsheimel skal gjere det mogleg med automatiserte avgjerder, på visse vilkår. Kommunar som nyttar digitale system i byggesakshandsaming må difor sikre at avgjerdene er forsvarlege og kan dokumenterast, noko som krev større bevisstheit rundt bruk av teknologi.
- Reglar for kollegiale og uavhengige organ:
Eit sett generelle reglar for statlege nemnder og kollegiale organ skal bidra til meir føreseieleg og einsforma handsaming. Desse reglane får ikkje betydning for saker etter plan- og bygningslova.
Vidare prosess og medverknad:
Lovforslaget skal handsamast i Stortinget, truleg med Kommunal- og forvaltningskomiteen som ansvarleg komité. Det vil vere høve for høyringar, noko som gir kommunar, fagpersonar og andre aktørar innan plan- og byggesaker ein sjanse til å påverke den endelege utforminga av lova.
Lovforslaget finn du her.