Solenergi

Ønsker du å oppgradere bustaden din med energitiltak f.eks i form av solenergianlegg? Kommunane ønskjer slike tiltak varmt velkomne, og installeringa er ikkje nødvendigvis søknadspliktig.

Søknadspliktig?

Byggtekniske krav sikrar at bustadar som vert oppført i dag har låge energibehov og miljøvennleg energiforsyning. Frå 1960 til 1980-talet vart bustadar ofte bygde med enklare konstruksjonar framfor konstruksjonar som reduserte varmetap. Dette inneber at mange bustadar frå den tida har fleire ganger høgare energibehov til oppvarming enn bustadar som vert bygde i dag.

Oppføring av solcelleanlegg/solfanger (solenergianlegg) er tiltak som vil gi betre inneklima og lågare energiutgifter. Slike anlegg er rekna for å vere ein bygningsteknisk installasjon og installeringa kan innebere at fasaden på bustaden din vert endra. Både oppføring av byggteknisk installasjon og fasadeendring er tiltak etter plan- og bygningslova, men dei er ikkje nødvendigvis søknadspliktige.

Skal anlegget oppførast innanfor ei brukseining eller branncelle, er oppføring i dei fleste tilfelle unnateke frå søknadsplikt.

Tilsvarande er anlegg som skal installerast over fleire brukseiningar, til dømes på fleirmannsbustadar, søknadspliktig og eit ansvarleg føretak må søkje til kommunen for deg.

For det tilfellet at installering inneber at bustaden sin karakter vert endra, eller at gjeldande plan for området har krav til einsarta utforming av bustadane, er installeringa søknadspliktig og også her vil eit ansvarleg føretak måtte søkje for deg. Kommunen vil då ta stilling til om slik fasadeendring kan godkjennast i det aktuelle området. Men anlegg som er godt integrerte i fasaden er som regel unnateke frå søknadsplikt.

For at tiltaket skal vere unnateke for søknadsplikt er det også viktig at tiltaket er i samsvar med dei høgdekrava og avstandskrava til nabogrenser som vert stilt etter plan- og bygningslova eller gjeldande plan for området. Skal anlegget plasserast utanfor angjeve byggjegrense eller anlegget inneber at bygningen samla sett vert høgare enn dei grensene som er satt, er installeringa søknadspliktig og det vil måtte søkjast om dispensasjon frå dei aktuelle krava, men det er gode grunnar for å få dispensasjon.

Oppsummert er det for dei fleste tilfelle plassering nærare nabogrensa enn 4 meter og plassering på eller ved historiske byggverk og kulturminner som fører til at installering av anlegget vert søknadspliktig.

Avslutningsvis viser vi til at kommunane har forskrifter om gebyr for handsaming av byggesøknadar. Enkelte kommunar har vedteke prinsipp som inneber at enkle energitiltak ikkje skal ha gebyr, eller at dei skal ha reduserte gebyr. Vidare er det nyttig å vite at det fins økonomiske tilskotssordningar for deg som ønsker å etablere solenergianlegg, blant anna hos Enova. Enkelte kommunar har også eigne tilskotsordningar.

Forfatter: Marianne Aadland Sandvik