Parkeringskrav for fritidsbustadar

Plan- og bygningslova set krav til at uteareal på ei tomt skal vere tilstrekkeleg og godt nok til at bebuarane har plass til leik, rekreasjon, avkøyring og parkering til både bil og syklar. Og utgangspunktet etter byggteknisk forskrift er at parkeringsareal skal inngå i grunnlaget for grad av utnytting. Kommunal- og distritsdepartementet har nyleg presentert ei tolking av om parkeringskrav skal inngå i grad av utnytting på tomten. Tolkinga avviker frå tidlegare standpunkt.

Krav til tilstrekkelig uteareal

Som vist til innleiingsvis så set plan- og bygningslova (pbl) § 28-7 krav til tilstrekkeleg uteareal for rekreasjon og parkering på ei tomt. Basert på forarbeida legg departementet til grunn at kravet også gjeld for fritidsbustadar. § 30-6 gir departementet heimel til å avvike frå kravet ved forskrift. Altså er utgangspunktet at kravet til uteareal og parkering gjeld for fritidsbustadar, med mindre det er gitt unntak i forskrift.

I byggteknisk forskrift (TEK17) § 1-2 andre ledd er det gitt unntak som nemnd i pbl § 30-6 for fritidsbustad med ei bueining. Konkret gjeld unntaket blant anna TEK17 § 8-8 fjerde og femte ledd. Fjerde og femte ledd set krav til elektrisk infrastruktur for ladeanlegg til elbil, men er ikkje eit krav om at ein kvar eigedom skal ha parkering. Dette inneber at det ikkje er eigne reglar om krav, eller unntak frå krav, til parkering for fritidsbustadar i TEK17. Krav om tilstrekkeleg uteareal for rekreasjon og parkering i pbl § 28-7 gjeld altså også for fritidsbustadar, med mindre kommunen har gitt unntak i arealplan.

Parkeringsareal inngår i beregning av tillat utnytting på tomten

Når det er krav til parkering, så føl det av TEK17 § 5-7 at «[p]arkeringsarealet skal inngå i beregningsgrunnlaget for grad av utnytting.» Kva grad av utnytting din tomt har og kor mange parkeringsplasser den skal ha avhenger av kva arealplan som gjeld og kva denne seier. TEK17 §§ 5-2 til 5-5 legg til grunn at parkeringsplass skal inngå i rekneskapet både når planen legg til grunn total utnytting basert på bebygd areal (BYA) og bruksareal (BRA).  Og Sintef byggforsk føreset at ein parkeringsplass må ha ei lengd på 5 meter og ei breidde på 2,5 meter. Samla er dette 12,5 m2.

Døme: Tomten din på 500 m2 inngår i ein reguleringsplan som legg til grunn at kvar tomt kan byggast med 25% bebygd areal (BYA) og med ein parkeringsplass pr. eining. Skal du bygge ein fritidsbustad med ei eining på tomten, og trekker frå parkeringsareal på 12,5 m2, så inneber dette at du kan bygge ein fritidsbustad med grunnflate på 112,5 m2.

Figuren under er henta frå rettleiaren til TEK17 § 5-2 og viser at gult areal skal inngå i reknestykket for total utnytting av tomta.

Departementet si tolking kan du lese i si heilheit her.