Statlege rammer og kommunalt handlingsrom
Formålet med planretningslinjene er å sikre ei samordna og berekraftig bustad-, areal- og transportplanlegging. Dei skal samstundes gi kommune og fylke nødvendig handlingsrom for tilpassing og samfunnsutvikling, og til å bestemme kor nye bustadar skal byggast ut frå lokale føresetnader. Ved val av alternativ skal det også leggast til rette for gode mobilitetsløysingar og transportbehov. Og naturmangfald, dyrka mark og friluftsområde skal i størst mulig grad bevarast.
Konkret betyr dette at i regioner med større byar og høgt utbyggingspress så er retningslinjene meint å bidra til effektiv arealbruk gjennom samordning av utbyggingsmønster og transportsystem. I distriktsområde med lågt utbyggingspress, lågt folketal og/eller negativ befolkingsutvikling, skal retningslinjene bidra til utvikling av levedyktige lokalsamfunn.
Arealeffektive løysingar og prinsippet om rett verksemd på rett stad
Overordna og generelt for heile landet legg forslaget opp til samordning av utbyggingsmønster og transportsystem skal samordnast for å oppnå løysingar som er arealeffektive, som begrenser transportbehovet og som legg til rette for sykkel, gange og kollektivtransport. Hovedtyngda av utbygging bør lokaliserast i tråd med dette. Vidare at prinsippet om rett verksemd på rett stad med omsyn til besøkstal, tal på arbeidsplassar og transportgenerering skal leggast til grunn for planlegginga. Og at det skal planleggast for tilstrekkeleg og variert bustadbygging.
Fokus på høg arealutnytting, fortetting og transformasjon med kvalitet i regioner med større byar
I byområde legg retningslinjene opp til særleg fokus på at klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy skal reduserast gjennom effektiv arealbruk og ved vekst av persontransport med kollektivtransport, sykling og gange.
Det skal i den samanheng planleggast for høg arealutnytting, fortetting og transformasjon med kvalitet. I kombinasjon med fokus kulturmiljø, kvaliteter på staden, gode uteområde, bukvalitet og tilgang til grøntstrukturer og naturområde.
Gode og attraktive lokalsamfunn med tilgang til bustadar og tenester
I mindre tettstader og spredtbygde område skal planlegging bidra til effektiv arealbruk, å styrke og utvikle sentrumsområde og fellesareaner. Og mulighet for å løyse fleire funksjonar og føremål på same areal eller i same bygg bør vurderast.
Retningslinjene legg også til rette for spredt bustadbygging i område satt av til landbruks-, natur- og friluftsformål i kommuneplanen sin arealdel.
Fokus på oppdatert kunnskapsgrunnlag og arealrekneskap
Retningslinjene presiserer viktigheten av eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for relevante fagtema, og at beslutningsunderlaget må omfatte alternative vurderinger av konsekvenser for miljø og samfunn.
Vidare at det bør utarbeidast arealrekneskap som del av kunnskapsgrunnlaget allereie i arbeidet med kommuneplanen. Dette vil gi kommunen dei reiskapane dei treng for å sette seg mål for å redusere nedbygging av sårbar natur. Dette kan også gi grunnlag for å ta ut eller redusere omfanget av utbyggingsareal som ikkje lengre bør byggast ut.
På regionalt nivå legg retningslinjene opp til at det bør utarbeidast behovsanalyser på bustader, basert på kunnskap om befolkingsutvikling og bustadmarknad. I analysen bør muligheten for gjenbruk av eksisterande bygningsmasse også kartleggast.
Regionalt samarbeid og ansvar for gjennomføring
For samarbeid på regionalt/interkommunalt nivå foreslår retningslinjene at overordna utbyggingsmønster, lokalisering av regionale handel- og tenestetilbod og hovudtrekk i transportsystem med knutepunkt for kollektivtrafikk bør avklarast i regional eller interkommunal plan.
Frist for uttalelse
Fristen for å uttale seg til planretningslinjene er satt til 12. juni 2024. Informasjon om forslag til nye retningslinjer for arealbruk og mobilitet finn du her.
Link til høyring av forslag til reviderte statlege planretningslinjer for klima og energi finn du her.
Forslaga har same høyringsfrist.