Kva gjer du når hogst hos naboen blir ein fare for ras på din eiendom?

Skog utgjer 44 prosent av det norske landarealet, og private personer eig om lag 81 prosent av dette. Rett forvaltning er viktig for både friluftsliv, klima og det biologiske mangfaldet. Både naturmangfaldlova og skoglova set krav til forvaltninga men visste du at hogst ikkje krev offentleg løyve og at flatehogst kan få store konsekvensar for naturen og deg som nabo?

Naturskade som konsekvens

Skoglova skal sikre ei berekraftig forvaltning av skogressursane, sikre det biologiske mangfaldet,  og at det blir teke omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen. Den gjeld sjølv om skog er verna etter naturmangfaldlova eller plan- og bygningslova, og pålegg skogeigaren eit forvalteransvar i samsvar med lova sine føremål. Den forbyr ikkje hogst, men pålegg skogeigar forynging etter hogst og ivaretaking av eksisterande stiar.

Tilsvarande plikter skogeigar å ivareta det biologiske mangfaldet etter naturmangfaldlova.

Men verken skoglova eller naturmangfaldlova set vilkår om søknadsplikt for hogst. Ei heller plan- og bygningslova. Dette inneber at skogeigar kan legge ned skog utan å søke til det offentlege om løyve.  Ved flatehogst, der alle nyttige tre over eit større område vert hogd samtidig, oppstår fare for naturskade, både på naturmangfaldet og bebyggelse. Kvifor? Fordi skogen blant anna beskytter mot effekten av klimaendringer og hindrer erosjon og skred.

Det offentlege kan gi vern

Skoglova gir Statsforvalteren heimel til å verne skog ved forskrift i dei tilfelle der skogen gir vern mot naturskader.  Har skogområde særleg miljøverdi kan departementet gi tilsvarande vern. Også etter naturmangfaldlova kan større skog- og naturområde vernast.

Kommunen kan verne skog i arealplaner, vet å angi hensynssone og eventuelt føresegner etter plan- og bygningslova. Dette kan gjerast både i overordna plan og i reguleringsplan.

Viss det offentlege nyttar muligheten for å verne område, vil risikoen for naturskade minske.

Sikring, bygge- og deleforbod eller erstatning for skade

Viss skogen ikkje er verna, nabo fjernar skogen og det oppstår fare for ras på din eiendom, kanskje der bustaden din står. Kva då? Kanskje må området sikrast med sikringsgjerde. Det kan søkjast om tilskot til dette arbeidet frå NVE.

For område som er utsatt, men utan bebyggelse, kan kommunen legge ned bygge- og deleforbud etter naturskadelova § 22. Slikt forbod kan tinglysast fram til faren for naturskade eventuelt er over.

Er uhellet ute og det oppstår skade på bygg, og det er tilstrekkeleg samanheng mellom skaden og naboen sin hogst, kan du forfølgje saka mot nabo etter grannelova. Nabo kan då bli ansvarlig for å dekke det økonomiske tapet du har lidd.