Mindre murer er unnateke søknadsplikt
Hovedregelen er at mur er søknadspliktig etter byggesaksdelen i plan- og bygningslova. I byggesaksforskrifta er det gitt unntak frå søknadsplikt for støttemurer med inntil 1 meters høgd og med ein avstand til nabogrensa på minst 1 meter eller med inntil 1,5 meters høgd og minst 4 meter til nabogrensa. Formålet med slik støttemur er å hindre at jordmasser glir ut og for å utjevne nivåforskjeller i terrenget. For at muren skal vere unnateke søknadsplikt er det ein føresetnad at den blir oppført på allereie bebygd eigedom og at frisiktsoner mot veg ikkje vert hindra. Merk også at detaljplan kan sette grenser for plasseringa uavhengig av avstandskravet som nemnd over. Til dømes kan detaljplan legge til grunn at eit kvart tiltak, under dette også mur, skal oppførast med minst 4 meter til nabogrensa. Er eigedomen uregulert kan avstand til offentleg veg få betyding, sjølv om tiltaket er unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova. Dette inneber at viss muren skal plasserast nærare riksveg/fylkesveg enn 50 meter eller nærare kommunal veg enn 15 meter, er tiltaket avhengig av dispensasjon frå vegmynde etter veglova.
Særleg om mur under 0,5 meter
Kommunal- og distriktsdepartementet har nyleg svart på spørsmål om mindre murer med under 0,5 meter høgd er søknadspliktige. Konklusjonen deira er at mur med høgd under 0,5 meter ikkje er eit tiltak etter byggesaksdelen i plan- og bygningslova, og dermed ikkje søknadspliktig. Uavhengig av funksjon og plassering mot nabogrensa, og uavhengig av om muren skal ha funksjon som støttemur. Slik mur kan altså i utgangspunktet plasserast heilt i nabogrensa og fungere som grensemur.
Men, også her er det viktig å merke seg at sjølv murer med høgd på under 0,5 meter må oppfylle anna regelverk, som veglova sine avstands- og avkøyringsføresegner, og føresegner om frisiktsoner mot veg eller byggeforbodssone etter jernbanelova.
Departementet grunngir si vurdering med at tiltaka er så små at kommunen heller bør konsentrerer sine ressurser om å handsame og følgje opp tiltak som er av offentleg og samfunnsmessig interesse. Ein lav mur vil heller ikkje medføre risiko for brannspreiing eller i særleg grad påverke andre tilhøve på naboeigedomer som til dømes lys og luft. Vidare samanlikner departementet tiltaket med oppføring av terrasse med høgd under 0,5 meter, som heller ikkje er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.
Avslutningsvis viser vi igjen til at sjølv om lav mur og terrasse ikkje er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, så kan tiltaka vere i strid med gjeldande arealplan for eigedomen, under dette til dømes gjeldande arealformål og byggegrense mot sjø, og anna regelverk som til dømes avstandskrava i veglova. I så tilfelle krev oppføring av tiltaka dispensasjon.