No blir det enklare å bygge mikrohus

Vi har tidlegare skrive om varsla lovendring for å tilpasse regelverket til å kunne føre opp mikrohus. No er endringane vedteke, og vil tre i kraft frå 1. juli 2023. Føremålet med endringane er å legge til rette for alternative buformer, slik at det vert enklare og meir kostnadseffektivt å bygge mikrohus, utan at det går på bekostning av tryggleiken. Og det er viktig å merke seg at mikrohuset må oppførast på areal regulert til bustad.

Kva er eit mikrohus?

Mikrohus er hus med under 30 kvadratmeter bruksareal, som har ein etasje, er utan kjellar og har ei maks høgd på 4,5 meter. Bygningen må vidare brukast som bustad og innehalde alle hovedfunksjoner for ein bustad, under dette stove, kjøkken, soveplass, bad og toalett.

Plan- og bygningslova gjeld

Plan- og bygningslova gjeld også for mikrohus, men lovendringa inneber at tiltaket får færre byggtekniske krav enn ein vanleg bustad. Konkret inneber dette ei endring av byggteknisk forskrift §§ 1-2 og 12-7, og medfører at det gis unntak frå krav til dimensjonering for rullestol og unntak frå krav til bod og oppbevaring. I tillegg vert dagens ventilasjonskrav lempa og krav til takhøgd vert sett til 2,2 meter. Det vert heller ikkje stilt energikrav. Krav til konstruksjons- og branntryggleik vert vidareført, samt krav til inneklima og helse. Det er altså krav som virker fordyrande og lite hensiktsmessig for små bustadar som unntas eller vert lempa, slik at minihus vert eit økonomisk gunstig alternativ.

Krav til plassering, løysing for vatn og avlaup, renovasjon, tilkomst og parkering gjeld for mikrohus som for større hus.

Arealet må vere regulert til bustad

Avgjerande for om du kan få løyve til oppføring av mikrohus der du vil er også at arealet er satt av til byggeområde for bustad. Det er verdt å merke seg at gjeldande plan for området også kan stille eigne krav som må vere oppfylt. Vi bistår gjerne med ei vurdering av om din tomt basert på gjeldande plan er eigna for oppføring av mikrohus.