Kartlegging av dispensasjonspraksis

Vil du bygge i strid med gjeldande arealplan eller plan- og bygningslova, må du søke om dispensasjon. Til dømes viss du vil bygge bustad på areal som er regulert til landbruk eller du vil bygge på areal som ligg innanfor bygge- og deleforbodet i strandsona. Det blir søkt om, og gitt, mange dispensasjoner i Norge kvart år. Kommunane kan bidra til å redusere talet på dispensasjoner med å ha oppdaterte arealplaner.

Eit mål å redusere talet på dispensasjonar

Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med å forbedre og effektivisere planprosesser og byggesakshandsaming, samt forenkle regelverket i plan- og bygningslova. Under dette er det eit mål å redusere talet på dispensasjonar frå arealplaner som blir gitt. I den samanheng har dei fått utarbeida ei analyse om årsaken til at det blir søkt om, og gitt, dispensasjon frå gjeldande arealplanar etter plan- og bygningslova. Analysen er utarbeida av Multiconsult Norge AS i samarbeid med Holth & Winge AS og konkluderer med at det er fleire årsaker til at det blir søkt om, og invilga, mange dispensasjoner.

Fem årsaker peiker seg ut som mest vanlege når det gjeld det store omfanget av dispensasjoner:

  • Manglande samordning mellom planavdelingane og byggesaksavdelingane i kommunen.
  • Kommunane vedtek for rigide kommuneplanar. Landbruks-, natur- og friluftsformålet og krav om regulering i kommuneplanen sin arealdel genererer mange dispensasjoner.
  • Gamle og utdaterte reguleringsplaner.
  • Kommunane vurderer ikkje planending som eit alternativ til dispensasjon.
  • Kommunane tolker og håndhever dispensasjonsføresegna feil.

Konkrete forslag om tiltak som vil kunne redusere behovet for dispensasjon

Med grunnlag i analysen er det det lagt fram ei rekke konkrete forslag for departementet.

For det første at departementet sine rettleiarar for kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanar bør gi råd og eksempel når det gjeld rutiner for intern samordning og rapportering i kommunane.

Vidare at departementet bør sørgje for at kommunane i større grad anvender underformålet spreidd bustadbygging under landbruks-, natur- og friluftsformålet der det er eigna areal for spreidd utbygging. I tillegg til å rettleie om kor og korleis kommunen bør stille krav til detaljregulering av område der det er behov for det.

Det blir også foreslått å utarbeide ei forskrift som regulerer kommunen si rett og plikt til å foreta ein gjennomgang av eksisterande reguleringsplanar og revidere eldre planar, og oppretting av eit statleg fond for kommunal planrevisjon. Med eit slikt fond kan kommuner søke om midler, og eventuelt få bistand, til arbeid med slik gjennomgang.  Ved revisjon av eldre reguleringsplanar vil ein kunne bidra til meir effektive plan- og byggesaksprosessar, samt bidra til meir føreseielege resultat for alle partar.

Endeleg er det foreslått tiltak for å rettleie kommunane ved handsaming av dispensasjonssøknader. Dette fordi ein gjennom analysen ser eit stort behov for at det blir utarbeida ein nasjonal rettleiar som tek opp alle spørsmål som kommunen må ta stilling til ved handsaming av dispensasjonssøknader. Utarbeiding av ein nasjonal mal for dispensasjonshandsaming som kan bidra til at kommunane tolker og handhever dispensasjonsføresegna riktig er også foreslått.

Samla sett, og med grunnlag i analysen, blir det lagt til grunn at ovannemnde tiltak vil kunne bidra til ein vesentleg reduksjon av dispensasjoner, og til at ny og endra arealbruk i langt større grad vil bli styrt på grunnlag av oppdaterte arealplaner. På den måten vil plan- og bygningslova bli praktisert i samsvar med lovgiver sin intensjon.

Vil du lese analysen sjølv så finn du den på regjeringa si side her.