Krav til utleigebustadar

Leiger du ut bustad? Husk at alt areal som blir brukt til bustad må vere godkjent brukt som bustad, og at det er du som utleigar som er ansvarleg for at tekniske krav er oppfylt. I 2023 inviterer Direktoratet for byggkvalitet alle kommunane til ein nasjonal tilsynskampanje der dei skal kontrollere at utleigebustadar oppfyller tekniske krav.

Behovet for utleigebustadar varierer frå kor du er i landet. Enkelte stader er det overskudd av utleigebustadar, medan andre stader er det stort press på markedet. Leigetakar skal uansett kunne vere trygg på at bustaden er godkjent brukt som bustad, både av omsyn til helse, miljø og tryggleik. Dette inneber at eit rom godkjent brukt som bod ikkje skal fungere som soverom utan at tekniske krav til soverom er oppfylt og kommunen har godkjent at rommet vert brukt som soverom.

Forenkla regelverk for bruksendring

I 2016 vart regelverket for bruksendring av tilleggsdel til hoveddel, til dømes frå bod til soverom, forenkla. Målet med endringane var at det skulle bli enklare og billegare å tilpasse bustaden sin etter eigne behov, for eksempel som følge av endra familiebehov eller ønske om å leige ut delar av bustaden. Dette er hensiktsmessig både ut i frå samfunnsøkonomiske, miljømessige og privatøkonomiske omsyn. Men fordi det er store forskjellar i kvaliteten på eldre bygg og dei krava som vert stilt i dag, var bruksendring frå kjeller, loft og bod til opphaldsrom, kjøkken, bad og soverom umogleg eller veldig dyrt å oppfylle i mange eldre hus. Og av den grunn var det behov for ei forskriftsendring som forenkla og gjorde tydelegara kva krav som gjeld for bruksendring av eksisterande bygg til bustad. Du kan lese meir om dette på regjeringa si side her.

Endringane i byggesaksforskrifta og byggteknisk forskrift gjorde det enklare å gjennomføre tiltak i form av bruksendring av eksisterande byggverk, og sjølv om plan- og bygningslova ikkje regulerer utleige, innebar forskriftsendringane at meir areal i ein eksisterande bustad kan bli godkjent som bustadareal, og dermed leigast ut om ønskelig.

Eigne krav til sjølvstendig bueining

Med endring av byggesaksforskrifta vart det konkretisert kva som skal til for at ei bueining er ei sjølvstendig bueining. Ei bueining som inneheld alle hovedfunksjonar for bustad, under dette stove, kjøkken, soverom, bad og toalett, har eigen inngang og er fysisk delt frå øvrig bustadareal i bustaden, er ei sjølvstendig bueining. Då må det etablerast eit brannskilje mellom bueiningane. n

I tillegg innebar endringa at du som grunneigar kan søke om bruksendring frå tilleggsdel til hoveddel sjølv, utan bistand frå eit ansvarleg foretak. Med mindre bruksendringa inneber at det vert oppretta ei sjølvstendig bueining. Slik bruksendring krev bistand av ansvarleg foretak som erklærer ansvar for at tekniske krav til sjølvstendig bueining er oppfylt.

Tekniske krav er lempa

For det tilfellet at bruksendring ikkje inneber at det vert oppretta ei sjølvstendig bueining, kan du altså søke om bruksendringa sjølv. Endring av byggteknisk forskrift inneber at kravet til takhøgd er redusert og kan vere ned til to meter. I tillegg er det tilstrekkeleg med eitt vindauge i kvart som, så lenge dette oppfyller krav til rømningsvindauge. I tillegg kan du sjølv bestemme kor mykje bodplass du vil ha. Når det kjem til isolasjon så må rommet vere isolert, men du bestemmer sjølv kor mykje isolasjon rommet treng, og rommet kan luftast med ventil og vindauge viss utelufta er god nok. Det er heller ikkje eit krav til at rommet skal vere tilgjengeleg for rullestol eller andre med nedsatt funksjunsevne, og det er ikkje krav til radonsperre og radonbrønn.

Branntryggleik og inneklima

Til tross for endringane må du sørge for at tekniske krav til branntryggleik, krav til sikre konstruksjoner, krav til å unngå fukt, mygg og råte og krav til at romma er godt nok isolert og ventilert for å sikre eit behageleg inneklima utan støy. Det er vidare anbefalt at opphaldsrom skal halde temperatur på minst 19 grader i løpet av vinteren.

Er du usikker på om din utleigebustad oppfyller tekniske krav til bustad og har nødvendig godkjenning frå kommunen? Vi går gjerne gjennom den dokumentasjonen du har og gjer ei vurdering for deg, slik at du er førebudd til eit eventuelt tilsyn frå kommunen.