Ny jordvernstrategi vil skjerpe måla for jordvern

Regjeringa har nyleg lagt fram for Stortinget ein ny jordvernstrategi. Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, og nye tiltak for å nå dette målet. Konkret inneber dette at målet for årleg omdisponering av dyrka mark vert redusert frå 3000 dekar til 2000 dekar. Konsekvensen av dette er at alternative areal må brukast til utbyggingsformål, føresetnadsvis allereie bebygd areal, som igjen kan føre til auka utbyggingskostnadar.

Kommunal arealpolitikk

Kommunane har ei sentral rolle når det kjem til jordvernarbeid. Gjennom vedtaking av arealplanar tek kommunane stilling til kva areala skal brukast til, under dette kva areal som kan byggast ut og kva som skal ha jordbruk. Som eksempel viser vi til Bergen kommune som nyleg har vedteke ein eigen klimastrategi, Grønn strategi, som vil få betyding for framtidige arealplanar. Eine satsingsområdet i strategien er eit arealnøytralt Bergen, som inneber at innan 2030 skal kommunen gjenbruke allereie utbygde areal framfor å bygge ned natur, jordbruksareal og grøntområde.

Du kan lese meir om Bergen kommune sin strategi her.

Tilskot og nye tiltak for jordvern

For å sikre at jordvern vert vekta høgt i lokal arealpolitikk vil regjeringa fortsette ordninga med nasjonal jordvernpris til kommunar som har fokus på jordvern, og i tillegg vert tilskot til arbeid med kommunale jordvernstrategiar auka.

Matberedskap og bærekraft er stikkord for endra strategi. I tillegg til å føre vidare tiltak frå tidlegare strategi legg regjeringa opp til nye tiltak, som å utvikle eit sentralt register for viktige jordbruksareal av nasjonal interesse, etablere eit nytt kartlag for dyrkbar jord, utvikle eit jordbruksareal, utvikle heimel i jordlova for vern av viktige jordbruksareal, etablere ei systematisk registrering av faktisk nedbygging av jordbruksareal og tiltak som tek sikte på å redusere landbruket si eiga nedbygging.

Statlege planretningslinjer

Med grunnlag i endra jordvernstrategi vil regjeringa utarbeide nye statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Retningslinjene ligg til grunn for all kommunal arealplanlegging.

Du kan lese meir om jordvernstrategien her.