Nye reglar frå nyttår vil gjere det enklare å gjere endringar på bustadar og bygg

Ønsker du å gjere endringar på bustaden din, men opplever at det er vanskelig å vite kva reglar og krav som gjeld? Og at dei reglane og krava som gjeld gjer det vanskelig å tilpasse bustaden etter ønske og behov?

Tidlegare krav

Ved ombygging av bustaden din må du oppfylle alle tekniske krav som gjeld på tidspunktet for ombygginga. Tidlegare var dette krav stilt i byggteknisk forskrift (TEK17). Dette innebar at ombygging av eksisterande bustadar både var vanskelig å gjennomføre og dyrt.

Endring

Frå 01.01.2023 er det endringar i regelverket som gjer det enklare å bygge om og legge til rette for gjenbruk og framtidsretta bruk av ein bygning. Endringane inneber blant anna at skilje mellom kva som er vesentleg endring/reparasjon av ein bygning og det som er hovedombygging vert gjort tydelegare, og ved at kommunen får eit større handlingsrom til å gi unntak frå tekniske krav for tiltak på eksisterande bygningar.

I tidlegare regelverk var «vesentlig endring eller vesentlig reparasjon» av ein bygning eit søknadspliktig tiltak. Kva som er vesentleg må avgjerast ved ei konkret vurdering av om det som skal gjerast er så omfattande at bygningen i det vesentlege vert fornya.

Direktoratet for Byggkvalitet har gitt følgjande eksempel på kva som kan vere hovedombygging og dermed ei vesentleg endring/reperasjon:

  • Totalrenovering av bygg der berre berande konstruksjoner står att.
  • Gjenoppbygging etter brann der berande konstruksjonar må erstattast.
  • Erstatte, forsterke eller endre det vesentlege av bygget sine berande konstruksjoner.

Men også mindre tiltak enn det som vert rekna for å vere hovedombygging etter tidlegare regelverk kan vere ei «vesentlig» endring eller reparasjon. Til dømes omfattande oppgradering, fornying og utskifting av ein avgrensa del av bustaden. Dette kan vere å skifte alle vindauge på ein bygning, utvendig etterisolering av alle vegger eller bygge om/forlenge pipe/skorstein. Desse, og fleire eksempel på kva som vart rekna vesentleg endring eller reparasjon kan du lese meir om her.

For å tydeleggjere at hovedombygging er meir omfattande enn vesentleg endring eller reparasjon, har lovgjevar no vedteke at «hovedombygging» blir skilt ut som eit eige tiltak i plan- og bygningslova § 20-1 i ny bokstav n).

I tillegg vart det gjort endringar i plan- og bygningslova kapittel 31, som gjeld for tiltak på eksisterande bygningar. Etter tidlegare § 31-2 fjerde ledd kunne kommunen gi unntak frå tekniske krav for ombygging viss tilpassing til tekniske krav som ville medføre «uforholdsmessige kostnader» og ombygginga er «forsvarlig» og «nødvendig» for å sikre hensiktsmessig bruk. Det var altså opp til tiltakshavar å dokumentere at vilkåra er oppfylt. Ny § 31-4 gir kommunen eit større handlingsrom til å unnta frå tekniske krav for tiltak på eksisterande bygg. Unntak må vurderast som «forsvarlig» ut frå sikkerheit, helse og miljø, og kommunen skal vektlegge blant anna bygget sin alder, vernestatus, noverande teknisk stand, tilhøve som kan redusere negative konsekvensar ved å gi unntak og fordelar som kan oppnås med tiltaket. Altså må det gjerast ei konkret vurdering av om unntak er forsvarlig og om ombygginga vil tilføre bustaden fordelar som bustaden før ombygging ikkje har.

Endringane inneber etter dette at skiljet mellom kva som er hovedombygging og kva som er vesentleg endring/reparasjon vert tydelegare, slik at ein i større grad er i stand til å vurdere kva kategori ønska ombygging høyrer under.

I tillegg inneber endringane at det kan vere enklare å få unntak frå tekniske krav ved ombygging av ein eksisterande bygning, under føresetnad av at unntaket er forsvarlig. Dette kan til dømes medføre at det blir enklare å søke om bruksendring frå hytte til bustad, som i dei fleste tilfelle vil krevje unntak frå TEK17 på fleire punkt.


Om du vil lese meir, så finn du forarbeida til endringa her.

Direktoratet for byggkvalitet har også utarbeida ein god rettleiar som kan gi deg svar på om det arbeidet du vil gjere er søknadspliktig og på kva tekniske krav som gjeld. Du finn rettleiaren her.