Tilrår byggjeforbod med heimel i plan- og bygningslova
Det er det juridiske fakultetet ved UiB som på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet har utarbeida rapporten. I arbeidet har dei sett på tre ulike modellar for korleis eit forbod mot nedbygging av myr kan takast inn i norsk lovgiving:
1. Vern av myr i naturmangfaldlova
a) Streng statleg styring
b) Mindre kommunalt sjølvstyre
2. Byggeforbod i plan- og bygningslova (liknande forbodet i 100-metersbeltet)
a) Relativt strengt
b) Krav om reguleringsplan og strenge vilkår for dispensasjon
c)Ansvar lagt til kommunen, men med statleg kontroll
3. Ei mellomløysing, der forbodet kjem til uttrykk i naturmangfaldlova, men der område kan «frigjevast» i reguleringsplan. Og der kompetansen til å innvilge dispensasjon vil ligge til statsforvaltaren etter naturmangfaldlova.
UiB tilrår alternativ 2) med eit forbod etter plan- og bygningslova, i ein ny § 1-8 (a).
Då vert ansvaret for myrforvaltinga lagt til kommunane. I rapporten trekkjer dei fram følgjande prinsipp for forvaltning av myr som deira primære tilråding:
- Byggjeforbodet kjem til uttrykk i plan- og bygningslova § 1-8 a).
- Byggjeforbodet skal handhevast av kommunen gjennom arealplanlegging og omsynssoner som grunnlag for vedtak. Reglane om omsynssoner bør endrast for å vere eit betre verktøy for formidling av kunnskap om bandlegging, og høve til utvide myrvernet etter ei konkret vurdering.
- Det må innførast plankrav, slik at kommunen berre kan setje til side byggjeforbodet gjennom vedtak om reguleringsplan. Dette bør også kome til uttrykk i § 1-8 a)
- Det bør innførast terskel i lova for å setje byggjeforbodet til side gjennom plan som kjem til uttrykk i § 1-8 a).
- Det bør utarbeidast nye og tilpassa statlege planretningslinjer som viser korleis ulike interesser skal avvegast mot kvarandre i planlegginga, etter modell frå planretningslinjene som gjeld strandsoneforvaltning.
- Statlege planstyresmakter skal – som i dag – delta aktivt i den kommunale arealplanlegginga gjennom alle relevante planprosessar og kontradiksjon.
- Statlege planstyresmakter skal – som i dag – kontrollere den kommunale arealplanlegginga gjennom motsegn og eventuelt klage og overprøving. Mangel på motsegn til kommuneplanen sin arealdel, skal ikkje vere til hinder for motsegn til reguleringsplan.
- Plan- og bygningslova opnar for å gi dispensasjon frå byggjeforbodet og frå plankravet, men lista for å innvilge dette er høg.
- Kommunen kan miste kompetansen til å gi dispensasjon i slike saker, dersom intensjonane bak reglane ikkje blir etterlevd. Dette kan kome til uttrykk ved tilføyingar i § 19-4.
Arbeidet gir konkrete forslag og analysar som grunnlag for vidare politikkutforming. Aktørar i eigedomsbransjen bør innrette seg på at eit slikt forbod relativt snarleg kan gje avslagsheimel i byggesaker.
Du kan lese heile rapporten her.