Julebelysning og hagenisser – til glede eller bry?

Vi går mot årets mørkaste dagar og ventetid fram mot jul. Til glede i ei mørk årstid og i vente av at sola snur pynter mange opp hus og hage med julebelysning og hagenisser. I varierande omfang og til glede for mange, men kanskje også til bry for enkelte?

Hagenisse er definert som ein malt figur, ofte i keramikk, og blir brukt som pynt i hagen. Tradisjonen er gamal og knytt til begrepet «småfolk», men slekter kanskje vel så mykje på mytologiske dverger i germansk og norrøn mytologi. I dag vert nissane ofte laga i plast, og vi kan trekke paralleller til oppblåsbare plastnisser. Og den skal vere høg. Helst tre meter og med lys, kanskje også farga lys? Lys som blinker. Dag og natt.

Men julebelysning og hagenisser i eigen hage er jo ikkje tiltak etter plan- og bygningslova og er dermed heller ikkje søknadspliktig, tenker du. Det er i utgangspunktet riktig. Kommunen har ikkje behov for å vurdere om du skal kunne lyse opp hagen eller plassere ein hagenisse utanfor bustaden din. Med mindre nissen er tre meter høg og jula skal vare heilt til påske. Då kan sjølv plassering av ein hagenisse vere søknadspliktig. Og viss du i tillegg skal plassere den på formål regulert til landbruk eller langs sjø, så kan du bli møtt med at plasseringa krev dispensasjon frå arealformål og byggeforbodet langs sjø.

Frå spøk til alvor; krav i plan- og bygningslova er sjølvsagt ikkje ei utfordring for mellombels belysning og oppblåsbare hagenisser. Viktigare er det å ta omsyn til naboen og forbipasserande, og det kan sjølvsagt vere ulike årsaker til dette. Når det er sagt, så finn dei fleste glede i litt ekstra lys og pynt i ei ellers mørk årstid. God advent!