Endra krav til søknad for oppføring av pipe/skorstein i tilbygg under 50 m2

Skal du oppføre eit tilbygg på under 50 m2 kan du stå som ansvarleg for søknaden sjølv. Fram til no kunne slikt tilbygg også innehalde pipe/skorstein. Ei endring av regelverket inneber at tilbygg med pipe/skorstein no er søknadspliktig med krav om ansvarleg foretak.

Endring av regelverket

Oppføring og rehabilitering av pipe/skorstein er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova, og hovedregelen er at eit ansvarleg foretak må søke for deg. Tilbygg på inntil 50 m2 kan du søke om sølv, jf. byggesaksforskrifta § 3-1 bokstav a). Fram til no har slikt tilbygg også kunne innehalde pipe/skorstein utan at det var andre krav til søknaden. Dette er no endra. Skal du oppføre eit tilbygg på inntil 50 m2 som også skal innehalde pipe/skorstein, så må eit ansvarleg foretak søke for deg, og det er krav til erklæring om ansvarsrett for gjennomføringa.

Grunngjevnaden for endringa er at eventuelle feil ved utføring av arbeidet har betyding for branntryggleiken i tiltaket og for omgjevnadane. Krav om bruk av ansvarleg foretak vil vere med å sikre at branntryggleiken vert sikra på ein fagleg og forsvarleg måte.