Lovendring: skjerpa krav til handtering av overvatn

Klimaendring, sentralisering og fortetting fører til at utfordringane med overvatn auker over tid, og kvart år skjer det skader på bygninger og anlegg for mellom 1,6 og 3,6 mrd kroner. Kostnadane er venta å bli dobla dei neste 40 åra. Det er dermed behov for tiltak som kan redusere skadeomfanget. Frå nyttår gjeld det endringar i plan- og bygningslova med forskrifter som inneber at byggetiltak skal gjennomførast slik at overvatn i størst mulig grad vert infiltrert eller fordrøyd på eigedomen. Forsvarleg avleidning skal sikrast og opparbeidast så langt det er nødvendig.

Krav til byggetomta og ubygd areal

Plan- og bygningslova § 28-1 set krav til at byggegrunn skal vere tilstrekkeleg sikker. For å hindre skader på eigne byggetiltak og tiltak på nabo sin eigedom må overvatn leiast vekk. Og flaumvegar må no dokumenterast i byggesøknaden.

Dersom det er fare for skade på eksisterande bygg, kan kommunen gi deg løyve til å utføre tiltak på naboen sin eigedom, jf. § 28-3.

Viser det seg at eigedomen din ikkje har tilfredsstillande løysing for handtering av overvatn, kan kommunen også pålegge deg å gjere nødvendige endringar for å hindre skader på byggverk innan en gitt frist. Dette føl av plan- og bygningslova kapittel 32.

TEK17 § 15-8

Nytt første ledd i føresegna inneber at «[l]øsninger for infiltrasjon, fordrøyning og avledning av overvann skal til sammen dimensjoneres for nedbør med klimajustert 100-års gjentaksintervall, så langt ikke annet er bestemt i arealplan.»

Føremålet er å sikre et overvatn vert handtert lokalt og unngå at overvatn vert tilført avlaupsnettet. Føresegna set ikkje konkrete krav til løysing, men føreset infiltrasjon og fordrøying i størst mulig grad. Og dimensjonering for den kraftigste nedbøren som kan forventast i løpet av 100 år. Først då vil ein sikre at byggetiltaka vil tole framtidige klimaendringar og vere tilstrekkeleg robuste.

Lovfesta ordning i tre ledd

Lovendringa inneber ein strategi i tre ledd for handtering av overvatn med:

  • Infiltrasjon
  • Fordrøying
  • Sikker avleiding

Strategien har ein miljømessig fordel ved at den handterer overvatn naturleg, og vi slepp å belaste avlaupssystemet med vatnet.

Ved infiltrasjon vert avrenning forsinka eller hindra ved at vatn vert infiltrert i bakken, anten ved grus eller plen som vatn trekker naturleg gjennom eller ved kunstige strukturer som til dømes regnbed.

Ved fordrøyning vert overskuddsvatn som ikkje kan infiltrerast på den enkelte eigedom leda til anlegg for fordøying, som til dømes eit ope magasin for vatn.

Når mengda overvatn overstig kapasiteten til infiltrasjon og fordrøying, må overvatn leidast til trygg resipient, som oftast til sjø eller vassdrag. Avleiding kan vere opne vannvegar eller planlagte flaumvegar.

Figuren under viser systemet:

Bilde er hentet fra Direktoratet for byggkvalitet www.dibk.no

Bilde er hentet fra Direktoratet for byggkvalitet www.dibk.no