Høyring – Forslag til endring om søknadsplikt for solcelleanlegg, etterisolering m.m. 

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å unnta solcellepanel og etterisolering frå søknadsplikt. Endringa vil inngå i byggesaksforskrifta og vil gjere det enklare å installere solcellepanel og etterisolere bustader. Forslaget er ein del av det pågåande arbeidet med å sjå på mulige endringar i regelverket som kan legge til rette for energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.  

Unntatt søknadsplikt 

Ved å unnta installering av solcellepanel og etterisolering av bustader frå søknadsplikt håper regjeringa at mange fleire enn i dag vel å energieffektivisere eigen bustad. Vidare inneber forslaget at nokre fleire tiltak, som etablering av ladestasjoner på regulert område og riving av navigasjonsinnretninger, vert unntatt søknadsplikt.  

Forholdet til kommunale arealplaner og krav til visuelle kvaliteter 

Merk at forslaget gjeld for einebustader, tomannsbustader og rekkehus, og at kommunale arealplaner framleis får betydning. Med det meiner vi at tiltaka kan vere i strid med til dømes ein reguleringsplan. I slike tilfelle vil du måtte søke om dispensasjon frå planen for etablering av tiltaket.   

Vidare kan eit byggverk ha så viktige historiske, arkitektoniske og/eller andre kulturelle verdiar at oppføring av tiltaket kan vere i strid med pbl § 29-2 siste setning. I slike tilfelle kan kommunen krevje oppført tiltak fjerna etter plan- og bygningslova kapittel 32.  

Kva betydning får endringsforslaget? 

For deg som privatperson inneber forslaget at du slepp å betale byggesaksgebyr. Som nabo vil du ikkje få nabovarsel og vil dermed heller ikkje kunne uttale deg om tiltaket. For næringslivet kan forslaget innebere auka etterspørsel etter varer og tjenester. For kommunen sin del vil forslaget innebere færre bygge- og klagesaker.  

Høyringsfristen er 13.06.2025, du finn meir informasjon her.