Kommunalt arbeid
For å nå dette målet er ein avhengig av at kommunane føl opp med lokale strategiar og konkrete mål. Slike strategier er utarbeida og vedteke av fleire kommuner, og vil få betyding for framtidig arealbruk og planprosesser.
Bergen kommune sin grønne strategi
Bergen kommune vedtok sin strategi 25.01.2023. Du kan lese strategien i sin heilheit her. Den angir Bergen sine klimamål og har fire strategier for å nå 2030- og 2050-målet. Eit satsingsområde er at kommunen har som mål å bli arealnøytral. Arealnøytralitet er eit nytt konsept som aldri har blitt brukt i Norge, men som for Bergen inneber at kommunen innan 2030 skal vere ein kommune der allereie utbygde areal blir gjenbrukt framfor å bygge ned natur, jordbruksareal og grøntområde. På den måten vil viktige areal for karbonlagring, klimatilpassing og mattryggleik beskytta.
Nordre Follo som pilotkommune
Nordre Follo er pilot for to prosjekt som skal utvikle ein metodikk for å lage gode arealregnskap på kommunenivå, og som også inkluderer naturregnskap på ein fagleg forsvarleg måte. Målet er å utvikle eit konsept som gir kommunen gode verktøy i arbeidet med å oppnå arealnøytralitet. Kommunen er elles langt framme med arbeidet i å implementere sine naturstrategier i kommunale planer, og vedtok allereie i desember 2019 at kommunen skulle ha som mål å bli arealnøytral. Med grunnlag i dette vart ca. 1400 dekar areal omdisponert frå utbygging til landbruk, natur og friluftsliv når ny arealdel til kommuneplanen vart vedteke.
Du kan lese meir om korleis Nordre Follo jobber med arealnøytralitet her.
Vil du høyre meir om arealnøytralitet så har Miljødirektoratet laga ein podcast om temaet. I den fortel ansatte i Nordre Follo om kommunen sitt arbeid mot å sikre arelanøytralitet i framtidig planarbeid. Du finn podcasten her.