Kunne du tenke deg å bu i mikrohus?

Mikrohus er både prisgunstige, energieffektive og lite plasskrevjande, og det er dermed ei aukande interesse for desse bustadane både av miljømessige og økonomiske grunnar. I mikrohus er alle nødvendige funksjonar komprimerte til å passe inn på mindre areal og må oppfylle alle tekniske krav. Det er no varsla lovendring for å tilpasse regelverket til buforma.

Må oppfylle alle tekniske krav

Med dagens løysing kan det vere vanskelig å oppfylle gjeldande regelverk for slike byggetiltak. På lik linje med andre hus må nemlig mikrohus også oppfylle alle reglar i plan- og bygningslova, samt byggesaksforskrifta og byggteknisk forskrift, uavhengig av om huset skal plasserast på fast fundament eller på hjul/hengar. Gjeldande reglar er ikkje tilpassa denne buforma, og inneber at det er vanskelig å oppføre mikrohus i samsvar med gjeldande regelverk.

Varsla lovendring for å tilpasse regelverket til buforma

Regjeringa har varsla lovendring for å forenkle byggereglane for denne type tiltak, utan at det går på bekostning av bukvalitet. Forslag til endring av både byggesaksforskrifta og byggtekniske forskrift vart difor lagt ute på høyring hausten 2021. Formålet med lovendringa er å gjere det enklare å oppføre mikrohus, og inneber ei forenkling av reglane for frittliggjande mikrohus til bustadformål med eit maksimalt bruksareal på inntil 30 kvadratmeter. Forslaget legg opp til ein enklare og meir effektiv byggeprosess, samstundes som grunnleggande krav til tryggleik vert oppretthalde.

Konkret inneber forslaget at oppføring av mikrohus er søknadspliktig, men at du kan søke sjølv. Eit foretak treng dermed ikkje stå ansvarlig for søknaden. I tillegg vert det ikkje stilt krav til uavhengig kontroll av tiltaket. Når det gjeld byggtekniske reglar, så legg forslaget opp til at mikrohus skal følgje same nivået som for fritidsbustad med ei bueining. Dette inneber blant anna at det gis unntak frå krav til dimensjonering for rullestol og unntak frå krav til bod og oppbevaring. I tillegg vert dagens ventilasjonskrav lempa og krav til takhøgd vert sett til 2,2 meter. Det vert heller ikkje stilt energikrav. Krav til konstruksjons- og branntryggleik vert vidareført, samt krav til inneklima og helse. Det er altså krav som virker fordyrande og lite hensiktsmessig for små bustadar som unntas eller vert lempa, slik at minihus vert eit økonomisk gunstig alternativ.

Men merk at endringane berre gjeld mikrohus som alternativ buform, og ikkje til dømes mikrohus til bruk som fritidsbustad.

Kommunale planar kan sette grenser for plassering av mikrohus

Til tross for forenkla regler om søknadsplikt og tekniske krav så kan kommunale arealplaner sette grenser for kor mikrohus kan plasserast. Det er dermed ikkje gitt at eigedomen din er eigna for plassering av mikrohus. Til dømes fordi den er satt av til landbruksareal eller fordi den ligg nære sjø eller vassdrag. Ta gjerne kontakt med kommunen eller oss for ei vurdering av om din eigedom vil vere eigna for plassering av mikrohus. Vi vil oppdatere innlegget når det er teke stilling til lovendringa.

Forfatter: Marianne Aadland Sandvik