Statsforvaltaren i Vestland endrar praksis

Statsforvaltaren i Vestland forenklar arbeidet sitt som høyringsinstans i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslove kapittel 19. Dei endrar med dette dagens praksis i dispensasjonssaker ved at dei ikkje ber om å få slike saker på høyring før kommunane gjer vedtak. Ordninga er i første omgang ei prøveordning, og vil evaluerast ved årsslutt i 2024.

Endringane omfattar følgjande

  • Som utgangspunkt vil dei ikkje lenger uttale seg før kommunane gjer vedtak i dispensasjonssaker.
  • Dei ber heller ikkje om å få tilsendt dispensasjonssøknader i forkant av vedtaket, sjølv om kommunen finn at statlege interesser vert berørt av tiltaket.
  • Kommunane kan likevel be særskilt om høyringsfråsegn i konkrete saker eller be om rettleiing knytt til særlege fagtema, dersom det trengs.

Konsekvensen av endringa

Det er vanskeleg å seie noko om konsekvensen av endringa på noverande tidspunkt. Saker som ikkje skal på høyring får 4 vekers kortare sakshandsamingsfrist. Klagefristen på dispensasjonsvedtak fell likevel ikkje vekk med endringa, og tida vil vise om praktisering av klageretten vert endra som ein følgje av endra praksis.

Du kan lese meir her: Statsforvaltaren i Vestland forenklar arbeidet med dispensasjonssaker | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)