Branntryggleik i studentbustadar

Vi kan i avisa Bergens Tidende lese at Bergen brannvesen er meir bekymra for studentane sin branntryggleik enn nokon gang tidlegare. Bekymringa skuldast eit brennhett utleigemarknad, kalt «brutalt» av Finn.no sin bustadekspert. Førre veke var nesten 3000 studentar i Bergen i kø for bustad, og brannvesenet viser til at dei er spesielt bekymra for innreia loft med hyblar, men utan rømningsvegar. Ei revidert forskrift gjer det no enklare for brannvesenet å få tilgang til område og bygg med stor brannrisiko.

Utleigar er ansvarlig

Husk at det er du som utleigar som er ansvarlig for branntryggleiken i bygget som du eig. Ansvaret føl både av brann- og eksplosjonsvernlova, under dette også forskrift om brannførebygging, og plan- og bygningslova. Etter forskrift om brannførebygging § 4 skal “eieren av et byggverk” kjenne krava til branntryggleik som gjeld for byggverket. Eigar er den som har grunnboksheimel til eigedomen, og er den som skal ha kunnskap om bygningsdelar, installasjonar og utstyr i byggverket som skal oppdage brann eller begrense konsekvensane av brann. I burettslag eller sameige har styret det same ansvaret. Vidare skal eigar gjere leiegetakar av bygget kjent med krava som gjeld for bruken av byggverket, og med alle eigenskapane ved byggverket som har betyding for branntryggleiken. Er det fleire leigetakarar som skal bruke byggverket, skal eigar sikre at all bruk vert samordna på ein måte som bidrar til å førebygge brann.

Omfanget av bruken av bygningen må vere vurdert allereie ved prosjektering av bygningen, slik at ein sikrer at val av løysinger, dimensjoneringer og utforming av rømningsvegar oppfyller alle branntekniske krav for ønska bruk. Viss ein i etterkant endrer føresetnadane for bruken, til dømes ved at bygget blir brukt av fleire personar enn bygget er berekna på eller ved å innreie fleire hyblar enn det i utgangspunktet er planlagt for, kan branntryggleiken bli redusert. Slik endra bruk vert også omtalt som «hyblifisering», og inneber gjerne at det vert sett opp lettvegger for å lage fleire mindre soverom eller hybler i ein større leiligheit, einebustad e.l. Eller at boder som er ueigna til varig opphald vert tekne i bruk som soverom. Slik endra bruk utløyser søknadsplikt etter plan- og bygningslova. Det same gjeld viss det skal gjerast byggtekniske endringar som endrar dei branntekniske føresetnadane i eit byggverk.

Tilsvarande vil du som grunneigar ha ansvar for kontroll og vedlikehald av branntryggleiken. Og er du ny grunneigar er det viktig å undersøke branntryggleiken i bygget. Er byggverket komplekst kan det vere nødvendig å innhente brannfagleg bistand og teknisk kompetanse for ein gjennomgang. Du kan lese meir om ansvaret som grunneigar har etter brann- og eksplosjonsvernlova på www.dsb.no

Tekniske krav

Konkrete tekniske krav til den bruken som er planlagt føl av byggteknisk forskrift. § 11-3 legg til grunn eit generelt krav til plassering av byggverk i brannklasser basert på konsekvensen ein brann kan innebere for skade på liv, helse, samfunnsmessige interesser og miljøet. Brannklassane skal leggast til grunn for prosjektering og utføring for å sikre byggverket si bereevne med meir ved brann. Endring av eit eksisterande bygg kan innebere at bygningen endrar brannklasse, som igjen kan medføre at det må utarbeidast eit nytt brannkonsept.

Er byggtekniske krav ikkje oppfylt for det bygningen vert brukt til, har ikkje eigar oppfylt si plikt etter plan- og bygningslova og brann- og eksplosjonsvernlova. Er uhellet ute kan dette i sin ytterste konsekvens medføre eit økonomisk ansvar for den skaden som er skjedd. Vi oppfordret med dette alle eigarar, og styre i burettslag og sameige, til ein gjennomgang av branntryggleiken i det bygget eller bygningane ein eig og har ansvaret for. Skal du leige ut bustad så syt for at leigetakar vert gjort kjent med rømningsvegane i bygget og deira plikt til aktsemd for å redusere risikoen for brann.