Er draumen badebasseng, badestamp eller jacuzzi til sommaren?

Badestamp og jacuzzi er normalt ikkje søknadspliktig, men draumer du om noko større kan dette måtte søkast om.

Søknadspliktig?

Plan- og bygningslova gjeld også for slike tiltak, men ikkje alle varianter er søknadspliktige. Plassering av privat badestamp, jacuzzi eller boblebad, som ikkje skal vere tilkopla vatn- eller avlaupsanlegg, er som hovudregel ikkje søknadspliktige etter plan- og bygningslova.

Mindre basseng som ikkje krev prosjektering, for eksempel prefabrikkerte basseng, er søknadspliktige. Fordelen med slike basseng er at du kan søke sjølv.

Større basseng, som for eksempel skal prosjekterast og byggast på plassen og kanskje koplast til vatn- eller avlaupsanlegg, er søknadspliktige. Slik søknad må eit ansvarleg foretak sende til kommunen for deg.

Treng du dispensasjon?

Uavhengig av om bassenget er søknadspliktig eller ei, kan ønska plassering krevje dispensasjon. Anten fordi eigedomen din er omfatta av ein reguleringsplan som ikkje tillet slike tiltak der du vil plassere det, eller fordi eigedomen din ligg nære sjø/vassdrag eller offentleg veg. Til dømes vil eit basseng, uavhengig av storleik, i enkelte tilfelle krevje dispensasjon frå byggjeforbodet langs sjø/vassdrag som er på 100 meter. Men fortvil ikkje! Skal bassenget plasserast i nærleiken av ein allereie godkjent bustad er det mykje som taler for at ein slik søknad vil kunne godkjennast av kommunen.

Er du usikker på kva som gjeld for din eigedom må du gjerne kontakte oss så vi kan gjere ei vurdering for deg. Alternativt kan kommunen din rettleie deg.

Avslutningsvis minner vi om at bassengeigar har eit generelt ansvar for å sikre tiltaket slik at ingen fell uti. Byggteknisk forskrift set difor krav til at basseng skal sikrast med gjerde, dekke eller tilsvarande avstenging.

Forfatter: Marianne Aadland Sandvik