Er du klar for å nyte naturen i telt eller hengekøye i sommar?

Sommaren er her og mange vil bruke tid til tur og opphald i naturen.  Det er også populært å sove ute i det fri anten i telt eller hengekøye. I Norge er vi heldige som har store landområde som er haldne ubygde for at alle skal kunne bruke dei. For eksempel til friluftsliv og rekreasjon med telt eller hengekøye. Ved sjøen, i skogen eller på fjellet.

Ålmenta sine rettigheiter

Langs sjø og vassdrag har vi eit generelt forbod i plan- og bygningslova mot privatiserande tiltak innanfor 100 meter frå strandlinja. I tillegg er mykje areal sett av til landbruks-, natur- og friluftsformål i kommunale planar. På denne måten sikrar plan- og bygningslova at område eigna for friluftsliv ikkje blir privatiserte og dermed kan nyttast av alle.

Ålmenta sine rettigheiter til ferdsel og opphald i utmark er nærare regulert av friluftslova. Etter den kan du campe i utmark i inntil 2 døgn på same stad så lenge du held deg minst 150 meter frå næraste bustad eller hytte. Er du på høgfjellet eller langt frå bebyggelse er utgangspunktet at du kan campe over lengre tid.

Rettigheten er knytt til utmark. For camping på innmark må du har særskilt løyve frå grunneigar eller den som brukar innmarka. Ei innmark er i all hovudsak gårdsplass, hustomt, dyrka mark og område som er til industriell bruk. Merk deg at naust ikkje er rekna for innmark etter friluftslova. Dette inneber at du kan raste eller campe like ved oppførte naust.

Over innmark på veg til utmark

Ofte må du i tillegg gå over innmark på veg til utmark. Friluftslova opnar for slik ferdsel, til fots eller med sykkel på veg eller sti. Grunneigar har altså ikkje rett til å hindre slik ferdsel, for eksempel ved å sette opp ferdsel forbode skilt, med mindre slik ferdsel inneber at du må passere gårdsplass eller over hustomt eller utan på anna måte å vere til «utilbørlig fortrengsel eller ulempe» for eigar eller brukar. I slike tilfelle, eller viss ferdselen er eigna til å valde nemneverdig skade, kan eigar eller brukar forby ferdsel over innmark på veg til utmark.

Lokale reglar

Ver likevel obs på at det kan vere lokale reglar som set grenser for ferdsel og opphald også i utmark, til dømes av omsyn til drikkevatn. Som eksempel viser vi til Bergen kommune der det er forbod mot å campe på byfjella rundt drikkevasskjelder og ved Fløyenområdet der bruksintensiteten er høg. Meir informasjon om dette konkrete eksempelet finn du her. Tilsvarande informasjon om telting og hengekøye langs Oslofjorden finn du her.

Uansett bruk, så hugs å ta omsyn og opptre varsamt, slik at det ikkje oppstår ulemper for grunneigar eller skade på naturen. God sommar og god tur!

Forfatter: Marianne Aadland Sandvik