Noreg skal restaurere 30 % av degradert natur – Korleis påverkar dette utbyggjarar?

Noreg vart i desember 2022 med i Naturavtalen til FN. Delmål 2 i avtala er å iverksette restaureringstiltak for 30 % av degradert natur innan 2030. Arbeidet med å finne ut korleis vi skal nå målet er i gong på statleg nivå. Kommunane som landets viktigaste arealforvaltarar, vil måtte stramma til for utbygging om målet skal nås. Dette vil påverke utbyggjarar og grunneigarar. Korleis foreiner ein ei slik innstramming med behovet for byutvikling?

Kva er restaurering?

For å tilpasse seg restaureringsmålet må vi vite meir om kva restaurering og degradert natur er. I bunn og grunn handlar restaurering om å forbetre naturens tilstand. FN definerer sjølv restaurering som:
prosessen med å stanse og reversere degradering, med betra økosystemtenester og gjenoppretta biologisk mangfald som resultat, tilpassa lokale tilhøve og samfunnets val (mi omsetjing)
Degradert natur omfattar områder der økologisk mangfald og kapasiteten til å yte økosystemtenester har vorte langvarig redusert. Økosystemtenester er goda menneske får frå naturen, som for eksempel mat, frisk luft og rekreasjonsverdiar.  Så lenge eit tiltak forbetrar det biologiske mangfaldet eller aukar avkastning av økosystemtenester i eit degradert naturleg miljø, er det restaurering. Restaureringa treng altså ikkje føre til urørt villmark eller inngrepsfri natur. Lokale eksempel frå Bergen inkluderer opning og forbetring av kanalen på Mindemyren og i Møllendalselven.


Kva kan ein forvente frå kommunen?

I kva grad kommunane vil gjere endringar i arealforvaltninga for å nå restaureringsmålet er på fleire punkt politisk omdiskutert. Før det kjem klarare føringar frå statleg hald kan ein difor forvente større lokale forskjellar.
 
Eit av verkemidla som allereie er utbreidd er vedtak om arealnøytralitet. Arealnøytralitet inneberer eit mål om netto null tap av natur. I 2023 arbeida 80 norske kommunar for å verte arealnøytrale, blant dei Bergen kommune. Bergen vedtok denne formuleringa i sin naturstrategi i fjor:
Ikke bygge på naturarealer så langt det er mulig, og kompensere dersom det skjer.
 
Blant kommunar som arbeider aktivt med arealnøytralitet kan ein forvente auka fokus på fortetting og transformasjon. Fortetting inneberer å auke utnyttingsgraden i utbygde områder. Dette kan ein gjere ved å byggje på ledige areal ved oppdeling av tomter, tilbygg og påbygg. Transformasjon handlar å gjenbruka utbygde areal på nye måtar. Du kan lese meir om transformasjon her.
 
Den andre sida av saka er korleis ein skal kompensere for nedbygging av natur dersom det skjer. For at arealrekneskapet skal gå i null, må ein restaurere same mengde natur som ein bygger ned. Kva verkemiddel kommunen har til å gjennomføre restaurering eller til å pålegge restaurering på privat eigedom er førebels uklart. Ei slik avklaring er forventa å komme i stortingsmeldinga om oppfølging av naturavtalen, som skal kome i år. 


Kva kan utbyggjarar gjere?


Sjølv om planane for etterleving av Naturavtalen er i tidleg fase, er tanken om kompensasjon for naturtap allereie til stades i forvaltninga. For utbyggar vil tidleg dialog om korleis prosjektet kan realiserast vere sentralt. Å velje prosjekt som medfører fortetting og transformasjon i utbygde områder, bidrar til byutvikling utan ytterlegare naturtap. Dette vil mange stader vil vere ønska og prioritert.
 
Skal ein derimot bygge ned ubygd natur kan ein møte sterkare motstand. For å sikre ein god prosess kan ein i tidleg fase planleggje å bøte på naturtapet med kompenserande tiltak. Bidrag til restaureringsarbeid kan vere ein direkte måte å tilbakeføre den naturen ein bygger ned i prosjektet. Ved å vise at ein har auge for utfordringa med naturtap, og har planar om kompensasjon kan òg utbyggjarar bidra mot måla i Naturavtalen gjennom samarbeid og innovasjon. Då kan ein som utbyggjar møte velvilje i kommunen og realisere prosjekt som elles ville vore vanskeleg.